lørdag 28. september 2013

Bårdshaug Herregård, Orkanger - september 2013

Ikke overtro, men manglende erfaring, slår bidragsyter fast:
"Vyrde Redaktør,
Eg måtte sjølvsagt sjekke om den begredelige dorulltilstanden frå førre gang berre var eit utslag av at eg den gangen sjekka inn på ein fredag 13., eller om dette er den jevne standarden på hotellet sin dorullbrettepraksis (eller fraværet av ein slik). Med mindre onsdag 25. er annan og for meg ukjend ulukkesdag, så kan ein ut frå dagens observasjon slutte at overtru har lite med saka å gjere, og at det her dreier seg om manglande rutiner innanfor ein vesentleg sektor av hotellfaget. Denne gangen er til og med dorullen snudd feil veg. Eg meiner, hallo, det er ikkje meininga at ein skal sitje under vasken når ein dreg i dorullenden .... 
Vennleg Helsing
Jostein"
Nei dette var begredelig! Takk til bidragyter Jostein.

Ingen kommentarer: