søndag 21. oktober 2012

Thon Hotel Europa, Oslo - oktober 2012

Bidragsyter har ordet:
"Vyrde Redaktør,
For å auke sjansen for å få toalettfasilitetar med anstendig dorullbrett ved Oslo-besøket mitt denne veka, tok eg inn på eit hotell som tidlegare har vært kvalitetssjekka av redaktøren sjølv. Dei tidlegare innlegga på forumet har vist ei stigning i kvaliteten, så eg var spent på kva som ville møte meg ved inspeksjon av badet. Det var ikkje så lett å få auge på dorullen med det same, men papirserviettdispenseren (det vesle biletet) fanga straks merksemda. Eit nytt papir er varsamt dratt ut i eine hjørnet, for å illudere ein V-brett, så dette lova bra. Godt gøymt under vasken (men likevel lett tilgjengeleg frå "arbeidsstillinga", om ein kan nytte eit slikt begrep) fann eg dorullen, og med ein aldeles praktfull brett. For ein symmetri, for ei skarpheit, eg har knapt sett makan. No manglar det etter mitt syn berre dokumentasjon på eventuell oppfølgingsbrett (det må nok bli ved eit seinare besøk for min del) for å kunne akkreditere dette hotellet i den ypperste klassa av kvalitetsdorullbretthotell.
Vennleg Helsing
Jostein"

Ja dette er veldig bra! Takk til Jostein for nok et bidrag og kommentar, og ikke minst for den oppofrenhet som ligger i å velge nye hotell i dorullbrettens tjeneste!

Ingen kommentarer: