mandag 6. februar 2012

Hotel Touring, Coccaglio, Italia - februar 2012

Bidragsyter får ordet, som det sømmer seg når kommentaren begynner med Vyrde Redaktør:
"Vyrde Redaktør,
Det finnest mange teoriar og forklaringar på kvifor EU, og då særleg ein del av middelhavslanda, er inne i ei økonomisk krise. Eit viktig prinsipp for at ting skal gå på skinner er, som det heiter på nynorsk, "get the basics right".
Eit basiskriterium for eit veldrive hotell er at der er dorullbrett ved ankomst.
Manglande dorullbett og attpåtil dorullen snudd feil veg er for meg eit skrikande symptom på alt som er gale i den italienske økonomien. Så i staden for at Tyskland pøser på med redningspakkar og kriselån bør dei heller satse på kursing i dorullbretting, eg er viss på at ringvirkningne av dette vil snu økonomien på rett kjøl att.
Vennleg Helsing
Jostein"
Som vanlig fra Jostein: En treffende analyse! Takk for den og brettbidrag.

Ingen kommentarer: