mandag 20. juli 2009

Schlosshotel Dörflinger, Bludenz, Østerrike - juli 2009

Vi lar som vanlig denne trofaste bidragsyter selv kommentere sitt bidrag:
"Vyrde redaktør,
Det kjem mykje godt frå Bludenz, m.a.varer frå sjokoladefabrikken Suchard (som no er kjøpt opp av Kraft Foods (er eg den einaste som får guffne assosiasjonar til kraftfor?)) og bryggeriet Fohrenburger som lagar framifrå øl. Ut frå teksta på dosetet kan ein til og med tru at byen kan tenke seg å stille med arena for europameisterskapen i fotball om 911 år, det er greit å starte planlegginga i tide. Men trass desse klåre teikna på ein velutvikla sivilisasjon så maktar ikkje hotellet å stille opp med dorullbrett. Er det på tide at "the Governator" bryt opp frå eksilet i California og vender attende til Austerrike for å få skikk på dorullbrettinga? Eg har stor tiltru til at denne mannen kan inspirere folket til å lage stramme og symmetriske brettar, og ikkje minst gi opplæring i å nytte hardt trykkpress. Sidan han har gjort frasen "I'll be back" til varemerket sitt, så det er lov å håpe."
Takk til bidragsyter Jostein.

Ingen kommentarer: