torsdag 9. januar 2020

Grand Hotel Nouvel Opera, Paris, Frankrike - juni 2019

"Vyrde Redaktør,
Når hotell heiter noko med «Grand» kan ein bli lurt til å tru at der er god plass. Slik er det ikkje her. Dette er eit trangt hotell. Trange rom, trangt bad, trange korridorar, trangt frokostområde, trang heis, i det heile tatt.
Men eg kjenner også trang til å påpeike for leiinga at det alltid er plass til ein dorullbrett.
I det minste ein liten ein.
Vennleg Helsing
Jostein"

Ingen kommentarer: