"Vyrde redaktør,
Eg har sjølvsagt bladd i arkivet før dagens Oslo-reise, for å danne meg eit bilete av kva som var i vente.
Og hotellet skuffar ikkje, bretten er heilt OK.
Eg vart litt overraska over å ikkje finne dobbel dorullhaldar på svart flisvegg, då dette ser ut til å vere standard badinteriør. Men blar ein tibake hit, er der eit eksemplar lik den eg fann; enkel haldar på trepanel.
Vidare er der ei anna likheit: dorullen er ikkje satt ordentleg inn på haldaren, men stend litt på skrå: Er det forskjelen i friksjon mellom dorull/flis vs dorull/trepanel som gjer at betjeninga, i rutineørske, ikkje lar rullen skli heilt på plass?
Dette kan kanskje vere eit passande tema for eit forskningsprosjekt i Byggforsk, som bør munne ut i ei tilråding om val av veggmaterale ved seksjonsvis oppussing av hotell.
Vennleg Helsing
Jostein"
Takk til bidragsyter for som alltid innsiktsfulle bidrag!
Eg skuldar redaktøren, lesarane, og framfor alt rombeteninga ei stor orsaking for mangelfull gransking før dette innleget blei skrive. Då fasilitetane blei tatt i bruk vart grunnen til den skeive dorullen raskt avdekka: dorullhaldaren var rett og slett for smal for dorullen! Fokuset i det føreslådde Byggforsk-prosjektet bør derfor vriast frå val av veggmateriale til standardisering av baderomsinteriør og -rekvisita.
SvarSlett